Sunday, January 14, 2007

Inn i historia

Vi kan ikkje lenger skryte av å ikkje ha eit namn. Derfor skifta vi blogg også. No er vi å finne på www.luftslottet45.blogspot.com. Takk for tida på denne bloggen!

Saturday, January 13, 2007

Eksamenskarakterane


Morten sneik seg til ein A. Ingen skjønar kvifor. Ikkje ein gong han sjølv. Morten innrømmer at underteikna og Angelsen sitt bidrag var betre. Vi fekk B. Eller - Angelsen har fått B. Eg har ikkje fått min karakter enno. Jørn sin kompanjong, Nicolaisen, fekk C. Derfor trur vi at også Jørn fekk C. Noko dei kan seie seg sånn noko lunde nøgde med, sidan begge var sjuke i førekant av eksamenen.


Morten er på Coop Mega for å snope. Jørn er i byen og ser kamp. Han snopar sikkert også.


Eg skal snart ut å springe.
(På biletet: Kjøkenet sånn det såg ut under eksamensførebuingane)


Friday, January 12, 2007

Ferdig med eksamen!!!!!!!!!!!


På rekke og rad, vart bufellesskapet utan namn sine bebuarar ferdige med den munnlege eksamenen i Journalisten, Mediene og Samfunnet. Alle sa at dei hadde fått det bra til. Men kva veit ein eigentleg, når sesnorane ser ned i arka sine og er stumme som østers?
Jørn (biletet) vart råka av sjukdom i førekant av eksamenen, og vart nok spesielt happy med å bli ferdig.

Wednesday, January 10, 2007

Druekveld

Morten slo på stortromma i dag! Klokka halv ni ankom han lokalet med skulebollar, druer og eit 4-4-2-blad. Ikkje verst!
På biletet ser vi Morten sluke i seg nesten alle druene. Eg fekk nesten ikkje smake.
(Alternativ versjon: Eg åt nesten alle. Velg sjølv kva som passar)
Jørn er enno sjuk. Han er like frisk som ein som nettopp har vore på drua. (Oj oj oj! Eg herjar med briljant humor.)

Bufellesskap - sjukdom, eksamenslesing, parabolproblem og vica verca


Det er vel ikkje så greit å vere Jørn Henriksen Skjærpe akkurat no. I det eg sit i stova og hiv i meg Big One (på tilbod denne veka! Laup og kjaup!), og Morten ser Farmen på SFJ - ja så ligg stakkaren i senga si. Han hostar så eg høyrer det godt her oppe. - Influensa, kommenterer han.


Og det er eit og eit halvt døgn til eksamen...


Apropo eksamen: Dersom du tar ein tur innom underteikna sin blogg, einarot.blogspot.com, så finn du alt no ut kva karakter eg kjem til å få. Er ikkje det praktisk?


Elles;så er parabolen her, men det virkar slett ikkje. Keisamt. Vi får ikkje inn ein einaste kanal. TV er i grunnen artig å ha. Men når ekspertane ikkje veit - kven veit då?


Eg veit berre at det snør ute.
(Biletetekst: Den gongen då Jørn var frisk. Eit sikkert teikn på at han er frisk er at han sit ved PC-en)

Monday, January 8, 2007

Støvsug Till You Drop!




Då har det skjedd! Etter seks veker (ja - seks veker!) klarte endeleg Jørn (til høgre) å få kjøpt støvsugarposar. Gratulerer, Jørn. Med helsing han som var den første som støvsuga i huset (til venstre).







Sunday, January 7, 2007

No vart du lurt!

Då eg oppretta bloggen for ca ein og ein halv time sidan, så gjekk du umiddelbart inn og sjekka den ut, for så å tenke dette:

Å?? Dei bur i Trollbjørnveien 49... Akkurat. Eg får ta meg eit besøk. No med ein gong!

Og så gjekk du til Trollbjørnveien 49.

Men vi var ikkje der. Du møtte på heilt framande folk. Du forstod ingenting.

Så du gjekk heim. Vonbroten og trist. Du vart lurt. Eller kanskje lurte vi oss sjølve også.

For vi bur i Trollbjørnveien 45.